Meir tradisjonsbakst

I tillegg til surdeigsbrød, lagar me  annan tradisjonsbakst som tynne festlefser, nordlandskaker, potetekaker og kransekaker.

Til baksten vår nyttar me våre eigne oppskrifter, laga etter mykje utprøving av ulike oppskrifter. Spesielt stolt er me over Nordlandskake oppskrifta vår, som er heilt særeigen. Den er utvikla over tid ved å prøva ut mange oppskrifter frå bakstekåner i nærområdet vårt. Det er ikkje skjeldan må får høyra «dåkas Nordlandskaker er verdens beste». Det inspirerer oss til å fortsetja det gode arbeidet i vårt vesle koselege microbakeri!

Vår bakst

SURDEIGSBRØD Kvifor lagar me berre surdeigsbrød?

 

Me har lyst å forklara deg kvifor me lagar brøda våre på gamlemåten med surdeig.

I surdeigen skjer heving ved hjelp av naturlege melkesyrebakteriar og villgjær som finnes på kornet, Deigen vert soleis fermentert og heva heilt utan bruk av gjær. Det er viktig at me brukar god tid på heveprosessen. Når me bakar med grovt mjøl, er det særsiklt viktig å la mjølet få tilstrekkeleg tid, for at me skal kunna forbrenna karbohydratene og ta opp dei små nyttige stoffa i det. Deigen til våre brød vert heva i meir enn 30 timar, og det er i løpet av denne tida dei gode smakane vert utvikla, og kornet vert klartgjort til at  kroppen kan nyttiggjera seg alt det gode i kornet.

Me synes det er veldig interessant å jobba med surdeig og sjå korleis me kan laga gode brød av ulike kornsortar, som gir eit meir stabilt blodsukker for kroppen vår. Metoden har lange tradisjonar, 5000 år tilbake i tid, og er den opprinnelege og beste måten å baka brød på, fordi dei er lettare og betre å fordøya, og er betre for kroppen å ta opp næringa frå.

Me brukar mest rugstartar, men har også startar på spelt og kveitemjøl. Kveitemjøl startaren nyttar me til focaccia, og speltstartaren nyttar me i alle brød, som berre inneheld urkornmjøl. Altså der det ofte er eit poeng for kundane at brøde ikkje skal innehalda noko kveitemjøl.

Å bake med surdeig har lange tradisjonar, heile 5000 år tilbake i tid, det var den opphavelege og beste måten å baka brød på, grunna lettare og betre fordøyelighet, samt betre næringsopptak for kroppen.

Det kan lagast utruleg mange gode ulike brød av mjøl, vatn og salt. Når ein i tillegg tilsett ulike frø og nøtter, er mulighetene enorme. Me lagar gjerne  spesialtilpassa brød, etter dine ønske.

Meir tradisjonsbakst

I tillegg til surdeigsbrød, lagar me  annan tradisjonsbakst som tynne festlefser, nordlandskaker, potetekaker og kransekaker.

Til baksten vår nyttar me våre eigne oppskrifter, laga etter mykje utprøving av ulike oppskrifter. Spesielt stolt er me over Nordlandskake oppskrifta vår, som er heilt særeigen. Den er utvikla over tid ved å prøva ut mange oppskrifter frå bakstekåner i nærområdet vårt. Det er ikkje skjeldan må får høyra «dåkas Nordlandskaker er verdens beste». Det inspirerer oss til å fortsetja det gode arbeidet i vårt vesle koselege microbakeri!

Kor får du tak i våre produkt?

Du kan når som helst bestilla bakst frå oss ved å senda oss ei melding eller ringa oss.

I tillegg til at me bakar på bestilling, leverer me bakst i Reko-ringane Sunnhordland, Haugalandet, Os, Fana, Fyllingsdalen og Åsane.

På Hageland på Heiane på Stord, får du kjøpt eit lite utvalg av vår bakst på laurdagar og sundagar.

Me har også sjølvbetjente bakstekassar ved bakeriet i Fangavikvegen 45, på Spissøy i Bømlo kommune, og i Valevåg ved nærbutikken, Valevegen 90.

Føl du oss på Facebook får du informasjon om kor tid du kan kjøpa bakst frå bakstekassane.

 

KVEN ME ER?

Fem søstre

Inspirert av bestemor vår, som dreiv eit småbruk, og i tillegg også var ei driftig bakstekåna, er me i dag 5 søstre som alle elskar å baka tradisjonsbakst.

Bestemor var flink til å invitera oss med når ho baka, både lepser som ho sa, nordlandskaker og potetekaker.

Det har vært med å bidra til at me alle i dag har kvar vår favoritt innafor tradisjonsbakst.

BERRE deI beste råvarene

Me nyttar så langt som råd lokale råvarer, og der det er mogeleg å få tak i økologiske. Av krydder som kardemomme og kanel, kjøper me økologisk cylon kanel og økologisk kardemomme frå Økoland.  Mjølet får me frå Holli Mølle, og Idun.

Våre eigne frittgåande høner gir oss egg til baksten.  Ja me brukar faktisk til tider eksklusive sunne vaktelegg i baksten vår. 

For å unngå kunstige tilsetningsstoff lagar me det meste frå botn av.

Tradisjonelle oppskrifter

Til tradisjonsbaksten vår, nyttar me tradisjonelle oppskrifter som har gått i arv i familien. Oppskrifta på Nordlandskaker er Bakstehuset på Spissøy si heilt eiga oppskrift. Den er blitt laga etter testing av fleire ulike oppskrifter frå bestemødre i famlien, som til slutt har blitt justert til vår heilt unike oppskrift.

 

Laga med kjærleik 

Bakverka våre er handlaga, utan bruk av industrimaskinar der tid og kjærleik er viktige ingredienser.

Utvalg

Kva me tilbyr

Bakstehuset tilbyr surdeigs-brød, Nordlandskaker, lefser, kransekaker og andre produkt etter sesong.

Kransekaker

kr 450,- for 18 ringar med melispynt

Inneheld: mandlar, melis, eggehvite

Allergen: mandlar, egg

 

Surdeigsbrød

Alle brøda me lagar er surdeigsbrød

Brødsortane me har er; Gulrotbrød, 4-kornbrød, Emmerbrød, Speltbrød, Urkornbrød, Landbrød

 

Nordlandskaker

kr 80,- for ein pk med 5 stk

Nordlandskakene våre er laga av vår heilt eiga oppskrift.

Allergen: gluten, egg, melk

 

Vaktelegg

Vaktel egg er ei perle frå naturen.

Egga er små (10-12 g), men dei er ei rik kjelde til nyttige sporstoff, vitaminer og mineraler.

Dei inneheld dobbelt så mykje vitamin A og B2 og gir fem gongar så mykje jern og kalium som hønseegg. Dei innheld òg meir fosfor.

Småbakst

Me lagar ulike typar småbakst som Kanelknutar, Skuleboller, Spissøyboller, Boller, Knutar med hasselnøttkrem, Knutar med mandelfyll

Empanadas

Me har laga ein skikkelig god helgekos variant med spicy kjøttfyll, ost og bakt i butterdeig. Selges rå, frosne. Du steiker dei på 200 gradre i 20 min.Allergen: gluten, melk, egg

Baguettar

Me lagar både fine baguettar med kveitemjøl, og grovare baguettar på urkornmjøl som ikkje inneheld noko kveitemjøl.

"Heimalaga godsakar fra Spissøy."

"Vi leverer til rekoringen i Bergen."

"Du finner oss også på Hageland på Stord."

Arrangement?

Bestill gjerne på førehand

Bakstehuset har ikkje faste opningstider: Følg oss på Facebook, for å få informasjon om kor tid me har bakstedagar. Når me  legg ut informasjon om bakstedagar, er det veldig kjekt med alle som førehandsbestiller ved å senda oss ei melding. Då veit me kor mykje me skal baka og du er sikker på å få det du ynskjer.

Besøk oss

Fangavikvegen 45, Spissøy
5440 MOSTERHAMN

Følg Oss